fredag 10. desember 2010

Menneskrettinghetsdagen på Norsk Trikotasjemuseum


"Vi har jo ikkje råd til brød eingang!?"

I 1948 vart FN si Verdserklæring om menneskerettane vedteke og dette var ivrige gutar og jenter frå Grasdal skule med å markera. Med omvisninga inne på strikkefabrikken som kontekst, fekk dei oppleva både lokalhistorie og eit breiare innsyn i korleis arbeidstilhøva i Kina er i desse dagar. Det var eit godt opplegg med fleire høgdepunkt. Mellom anna fekk elevane prøve seg som fabrikkarbeidarar og fekk kjenne på korleis det var å delta i streik. Elevane gjorde ein skikkelig innsats og gjekk saman hand i hand for å krevje betre løn og som arbeidstakarar på Salhus. Arbeidstilhøve var eit hovudtema denne dagen, der mellom anna helse, miljø, sikring og"løn og kjønn"vart understreka. Elevane hadde sjølv teke tak i produksjon av tekstil i Kina. Alle hadde sjekka sine eigne klede for å finne ut var produsert.

Arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom
Kai Greig (Fn -sambandet)
Arne Øi (Fn-sambandet)
Christine Haugsten Ellefsen (Digitalt fortalt, Museumssenteret i Hordarland)
Lars Voss Sørhus (Formidligsleiar Norsk Trikotasjemuseum)
Mariela Norheim ( Kunnskap og forteljing, Felleskonservatortenesta)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar