torsdag 20. januar 2011

Prosjektet skrid framover

I dag har delar av Kunnskap og forteljing- prosjektgruppa vore på informasjonsmøte med studentane ved medielinjene ved Universitetet i Bergen. Studentar frå nye medier, journalistikk og film- og tv-produksjon har jobba med å lage nettstadar om ulike industristadar, både forgjengne og beståande, i Bergen.

I dag fekk vi sjå smakebitar av dei ferdige produksjonane, og det er mykje godt i vente frå denne gjengen når materialet blir offentleggjort!

Prosjektet er i tillegg eit godt døme og eit føregongseksempel på eit fruktbart og lærerikt samarbeid mellom studieliv og arbeidsliv, og gjev læring og kunnskap av praktisk verdi for begge partar. Verdifull erfaring å ha i ryggen når ein skal ut å søkje jobb seinare i livet.

Museum + mediestudentar = gode resultat!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar