torsdag 27. januar 2011

Med hodet i eit arkivskap

Å arbeide med dokumentering av immateriell kulturarv, er ikkje berre å samle inn materiale. Ein må visst ha system på det òg.

I eit prosjekt med fleire tilsette og prosjektperioder der andre er involverte, er det naudsynt med eit godt arkiveringssystem. Arkivet skal til ei kvar tid gje informasjon om kva som har blitt gjort i prosjektet, men
det er òg viktig å ha oversikt over korleis denne prosjektgruppa har oppnådd resultata når andre skal nytte materialet.

Med ei heilskapleg oversyn over arbeidsprosessen kan andre sjå kva val vi har tatt, noke som forhåpentligvis vil gjere det lettere å forstå konteksta til intervjua og utvalga vi har gjort – difor går vi i dag i skytteltrafikk mellom printeren og arkivskuffa.

Mariela og Åshild


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar