onsdag 12. januar 2011

Godt nyttår og god rapportering!

Kunnskap og forteljing er inne i eit nytt og spanande år. Det er framleis noko arbeid som vi ynskjer å få gjort og runda av, før vi kan seie oss nøgde. Prosjektleiar har difor auka kontraktida vår med to månadar.

Det det er først i slutten av januar at vi får svar på søknadane til ABM om fleire midlar, og mogleik til å forsette med prosjektet. Vi kryssar fingrar og tær for fleire midlar!

No skriv vi rapport om erfaringar så langt i prosjektperioden. Alle prosjektassistenane har gitt oss tilbakemeldingar og har satt seg villig til å medverke fram til kontraktslutt. Dette sèt vi stor pris på!

Åshild og Mariela

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar