mandag 28. februar 2011

Takk for oss!

Mandag 28. februar er foreløpig siste prosjektdag for «Kunnskap og Forteljing» i denne omgang. Sida september har denne prosjektgruppa gjort fleire tiltak og endringer for å nå måla som vart utforma for prosjektet. I perioden har vi særleg fokusert på:

- sikring av immateriell kultur frå Svaneapoteket og Minde Sjokoladefabrikk i Bergen
- meddelt kunnskap om teknikk og industri
- oppretta blogg som syner korleis vi har jobba med temaet
- tilrettelagt for forsking samstundes som vi har teke vare på personvern
- kompetanseheving på kunnskap om teknikk, industri og metode knytta til immateriell kulturarv. Fire assistentar har fått rettleiing i prosjektet.

Alt i alt er vi særdeles nøgd med resultata i prosjektperioden. Det har vore utfordrande, men vi har lært utrolig mykje og fått meir kjennskap til korleis ein kan jobbe med prosjekter i museumssamanheng. Det er likevel fortsatt mykje ein kan gjere, særleg med tanke på sikring. Fleire intervjuer kan bli gjort, og det kunne vore spanande å kopla saman den immaterielle kulturarven med den materielle i framtidig utstillingssamanheng. Vi vonar og at andre ynskjer å nytte materialet i forskinga si - det hadde vi satt stor pris på i «Kunnskap og Forteljing».

Mariela og Åshild

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar