fredag 25. februar 2011

Evaluering av nettstad og universell utforming i det virtuelle rom

Idag regner det på Salhus, noke vi eigentleg ikkje har problemere med, då vi har sitte inne foran skjermen i heile dag. Tida har kome for evaluering av nettstaden som snart skal publiserast i samband med «Kunnskap og Forteljing». Det viser seg at det er fleire ting ein kan irritere seg over på nettstader, men å forklare kva vi ikkje liker er ikkje like lett.

Når informasjonen skal nå alle, må ein tenka på at nettstaden skal kunne nyttast av eldre og yngre brukarar, teknofober så vel som nerder. Og kva med universell utforming? Deler av befolkninga har ikkje same forutsetningane for å få med seg all informasjon på nettstader - i hvert fall hvis ein ikkje har vore medviten utforminga. Heldigvis har Blindeforbundet nokre gode tips som alle kan dra nytte av.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar