tirsdag 7. desember 2010

Spanande svar og nye spørsmål

Det nærmar seg jul, og intensivitetsnivået i prosjektet «Kunnskap og Forteljing» er ganske høgt om dagen. Vi har nå byrja dei fyrste intervjua med informantar knytta til Svaneapoteket og Minde Sjokoladefabrikk.

I førebuinga til intervjua har vi utarbeida ein intervjuguide med spørsmål vi ynskjar å få svar på. Vi fant fort ut at det ikkje er alt som ein kan ha innsyn i på førehand, då det tross alt er informantane som er «ekspertar» på sitt arbeidsfelt. I løpet av intervjua har vi fått masse ny kunnskap, men også fleire relevante spørsmål å gripe tak i. Spesielt har det våre kjekt å høyre forteljingar som gir eit meir levande bilde av arbeidsteknikkar og arbeidsmiljø.

Nå håper vi at det er fleire som vil være informantar i prosjektet, og hjelpe oss med å gje eit breiare og meir samansatt bilete av teknikk og industri i Bergen! Såleis hadde det vore spanande å få fortsette med prosjektet etter jul.

- Mariela og Åshild

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar