torsdag 4. november 2010

MobilTeknikk – mobil formidling av teknikk og industri

iPhone testing 1
Foto: Gesa Henselmans på Flickr

Kva med å spela seg fram til kunnskap og opplevingar – direkte frå eiga mobil?

I Kunnskap og Forteljing prosjektet prøver vi mellom anna å finne ut korleis ein kan formidle kunnskap om teknikk og industri. Mange av dei industrielle kulturminna i Bergen ligger langt frå kvarandre, og det er ikkje bare å sette industribygg eller teknikkar på museum.

Vi ynskjer derfor å gjere det mogleg for publikum å komme seg fram til dei ulike kulturminna, og kva er vel ikkje enklare enn ved hjelp av mobilen du har i lomma?
Fra ABM-utvikling har vi for 2011 søkt om midlar til pilotprosjektet MobilTeknikk kor applikasjonar for mobiltelefon skal kombineras med mobil læring og spel. Med mobilen i handa skal publikum få kjennskap til ulike industrielle kulturminne mens ein spelar et spel som tar ein med rundt i Bergensområdet. Meir informasjon om prosjektet kommer!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar