fredag 29. oktober 2010

Kunnskap og forteljing

"Kunnskap og forteljing" er eit prosjekt som ligg under felleskonservatortenesta for teknikk og industri i Bergen. Felleskonservatoren er ei teneste knytt til Norsk Trikotasjemuseum, som har rettleiingsansvar for vernearbeidet innan teknisk og industriell historie i Bergen. Prosjektet vart starta i 2008.

Bakgrunnen for prosjektet var at ein såg behovet for å dokumentere immateriell kunnskap innan teknikk og industri i Bergensområdet før denne kunnskapen forsvinn. Mange industribedrifter blir lagt ned eller flytta, og kunnskapen på dei ulike områda står i fare for å døy ut. Føremålet med prosjektet er difor å sikre og formidle kunnskap som finst om nettopp dette.

To prosjektgrupper (sju medarbeidarar og assistentar) jobbar for tida i dette prosjektet, i tillegg til 45 studentar frå institutt for informasjon- og medievitskap ved Universitetet i Bergen.

Gjennom å følge denne bloggen vil du kunne følge utviklinga i prosjektet, og sjå kva prosjektgruppene til ei kvar tid jobbar med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar